(NPK): NVE har lytta til bekymringane til fiskeriorganisasjonane, og følgt opp dette med krav om utgreiingar i samband med utbygginga av det første store havvindanlegget i Nordsjøen.
Denne veka fastsette NVE, Noregs vassdrags- og energidirektorat, utgreiingsprogram for havvindanlegget og nettilknytinga for Sørlege Nordsjø II. Fiskebåt er godt fornøgd med at fiskerinæringa er høyrd.
– Vi vil særleg trekkje fram at det no skal greiast ut om det bør innførast ei buffersone mellom havvindanlegget og dei viktige gyteområda for tobis, og dessutan ein seglingskorridor mellom fiskefelta på Store Fiskebank/ Inner Shoal og Lille Fiskebank/Falittene, seier rådgivar Hanna Bauge i Fiskebåt.
Fiskebåt meiner at NVE i fleire saker dei siste åra har vist at dei ønskjer å lytte til og ta omsyn til fiskerinæringa og miljøet/økosystema.
– Dette viser ei positiv utvikling, og det bidreg til å skape tillit mellom fiskerinæringa og kraftstyresmaktene, seier Bauge.
(©NPK)
Publisert: 18.10.2024 15:24
Sist oppdatert: 18.10.2024 15:24