Meiner straumstøtta er for raus og bør bort
NVE ser fleire uheldige ringverknader.
(NPK-NTB): Straumstøtta har uheldige verknader og bør avviklast, ifølgje NVE-direktør Kjetil Lund.
«Svært sjenerøs» er orda direktøren i Noregs vassdrags- og energidirektorat bruker for å beskrive ordninga, ifølgje Teknisk Ukeblad. Staten betaler 90 prosent av prisen over 73 øre.
Dermed får folk mindre insentiv til å energieffektivisere eller installere solcellepanel, meiner Lund.
– Omlegginga av ordninga til å gjelde kvar enkelttime og ikkje berre for gjennomsnitt av månaden forsterkar denne verknaden, seier Lund til TU.
Han ser fleire uheldige ringverknader.
– Det er også uheldig at prissignala ikkje verkar i situasjonar med effektutfordringar og press på kraftsystemet. Så må dette vegast mot omsynet til å gi folk vern mot høge straumprisar. Det er ei politisk avveging, seier Lund.
Både NVE og Reguleringsmyndigheita for energi har gitt tilbakemelding om dette til regjeringa.
Men verken Arbeidarpartiet eller Høgre vil vere med på å vrake ordninga.
– Folk skal aldri trenge å frykte at straumprisen blir så høg at han knekk familieøkonomien, seier energipolitisk talsperson Ingvild Kjerkol (Ap).
Ho meiner mange faktisk har vorte flinkare til å energieffektivisere og viser til at straumforbruket gjekk ned med 6,5 TWh i Sør-Noreg i 2022.
(©NPK)
Publisert: 26.06.2024 08:22
Sist oppdatert: 26.06.2024 08:22