(NPK): Slimete smeltevatn frå laksetransport er eit utbreidd problem på norske vegar. Oppdrettaren Mowi meiner dei har løyst problemet og ber resten av bransjen bli med, men Sjømat Norge er ikkje overtydd, skriv NRK.
Mowi har utvikla ei ny kasse saman med Vartdal Plast, som dei hevdar er heilt tett og som krev mindre is for å kjøle fisken.
Trond Davidsen, direktør i Sjømat Norge, skriv til NRK at dei kjenner til at Mowi har gått over til å bruka tette kassar.
– Me er samtidig merksame på at dette av ulike årsaker ikkje nødvendigvis passar for alle andre selskap, mellom anna grunna ulike føresetnader for å kjøla fisken tilstrekkeleg ned før pakking i kassar.
Han peikar på at fisk som blir liggjande i smeltevatn vil få redusert kvalitet.
(©NPK)
Publisert: 09.01.2026 06:40
Sist oppdatert: 09.01.2026 06:40






