Kort fortalt

Meir buss i Ålesund

Kraftig styrking av kollektivtilbodet.

16.12.2016
Fylkestinget sa denne veka ja til forslaget om sju millionar til kollektivsatsing i Ålesunds-regionen.
I løpet av 2017 vil reisande i dette området nyte godt av store forbetringar i kollektivtilbodet, opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune.
Allereie frå 2. januar kjem dei første endringane. Då blir det buss til og frå alle hurtigbåtavgangane mellom Langevåg og Ålesund.
Dette vil gjere det meir effektivt for pendlarar å bruke buss til hurtigbåten, vert det opplyst.
Følgjande endringar skjer frå 1. mai:
  • Kvartersavgangar på strekninga Moa - Ålesund til kl. 24.00
  • Ekstrabussar på dei aller fleste avgangane Moa-Ålesund i rushtrafikken
  • Ekstrabussar i rushtida til/frå Giske kommune (Ytterland)
  • Kveldsavgang til Vigra/Valderøya frå Ålesund sentrum
  • Auka tilbod til Alnes, mellom anna to avgangar på søndagar
  • Alnes kjem også inn som ein av rundturane i turistsatsinga «Travel like the locals»
  • Betra tilbod for arbeidspendling om sommaren
  • Auka tilbod på søndagar med rutestart kl. 06.30 og halvtimes avgangar midt på dagen
  • Betre korrespondanser på Magerholm

Publisert: 16.12.2016 09:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43