Kort fortalt

Meir elektronisk ferjebillettering

Regjeringa vil vidareføre ordninga.

NPK
20.05.2022

Erfaringane med elektronisk billettering på ferjene er gode og no ønskjer vi å leggje til rette for dette også i framtida. Derfor legg vi no til rette for at dette skal fortsette utan at det er i strid med personregelverket, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård i ei pressemelding.

Det har vore mogleg med elektronisk billettering på ferje sidan april 2020, da covid-19-pandemien nødvendiggjorde tiltak på ferjene for å hindre smittespreiing. Ei mellombels lov har sørgd for det.

– Under pandemien var dette viktig for å redusere kontakten mellom passasjerane og ferjemannskapet. Samtidig hadde det mange positive konsekvensar, som at dei reisande får betalt for seg på ein trygg og effektiv måte. Det gir også god flyt i trafikken, mindre risiko for ulykker ved ombordkøyring og tidsinnsparingar for både ferjeselskapa og reisande. Eg er glad for at dette kan fortsette, seier Nygård.

Publisert: 20.05.2022 13:53

Sist oppdatert: 20.05.2022 14:21

Mer om