NPK: Fiskeridirektøren ber reguleringsmøtet i Fiskeridirektoratet om å komme med innspel til korleis ein kan regulere fisket av makrellstørje i 2018.
Dette skriv
Makrellstørjebestanden var lenge så låg at det frå 2007 til 2013 var forbode å fiske arten. Frå 2014 til 2016 var det prøvefiske på arten, medan det i 2017 har vore ordinært fiske.
I år har det vore opna for fiske med eitt ringnotfartøy og eitt linefartøy over 15 meter, men ingen linefartøy over 15 meter melde interesse i år.
I innspela til regulering av makrellstørjefiske i 2018 frå Fiskeridirektøren, blir reguleringsmøtet bedt om å vurdere ordninga. Møtet blir og bedt om å vurdere om ein skal opne for fiskeri for meir enn eitt år av gongen. I tillegg ber Fiskeridirektøren om at ein tar stilling til om det skal opnast for sports- og rekreasjonsfiske etter størje i 2018.

Publisert: 07.11.2017 19:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41