Kort fortalt

Meir fuglevenglege kraftmaster

Nye kraftmaster kan redde fleire fuglar.

NPK
28.03.2022

Mange fuglar mistar livet i møte med kraftmaster og -linjer. Nye kraftlinjer skal bøte på det, mellom anna med eigen sittepinne for store fuglar som hubro.

Hubroen er sterkt trua i Noreg, og berre dei siste tiåra har bestanden fleire stader i landet gått ned med over 70 prosent, skriv NRK.

Store fuglar som hubro er særleg utsette i møte med kraftlinjer. Dei kan få elektrisk støyt og døy om vengjene kjem i kontakt med leidningane, og dersom dei set seg på toppen av mastene og kjem i kontakt med dei såkalla piggisolatorane.

Biolog Tore Larsen hos Statsforvaltaren i Vestland fortel at det er lite ein kan gjere for å unngå at fuglane flyr rett i kraftlinja.

– Men det ein kan gjere noko med er å redusere faren for fuglane som bruker toppen av kraftstolpane til å speide etter bytte, seier han til kanalen.

Piggisolatorane blir bytte ut med meir moderne alternativ, og enkelte stadar har mastene fått ein eigen sittepinne der fuglane kan lande.

Hubroen er den største ugla i verda og har eit vengjespenn på 160–188 centimeter. I dag reknar ein med at det er 5–600 hekkande par i Noreg. Hubroen vart freda i 1971 og har hatt ein eigen handlingsplan frå 2009. Statsforvaltaren i Nordland har oppfølgingsansvaret for planen.

Publisert: 28.03.2022 13:34

Sist oppdatert: 28.03.2022 13:35