(NPK-NTB): Regjeringa sender i dag på høyring ei ny forskrift som skal kutta utsleppa frå offshorefartøy. Fleire organisasjonar er negative til forslaget.
Forslaget pålegg selskapa på norsk sokkel å redusera klimagassintensiteten frå skip som blir nytta i petroleumsverksemd.
– Med dette legg me til rette for at skipsfarten kan gå mot nullutslepp i 2050. Dei nye krava vil gi store utsleppskutt og teknologiutvikling, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) i ei pressemelding.
Vil ha gradvis reduksjon
Offshorefartøy står i dag for over 20 prosent av utsleppa frå innanriks sjøfart. Forslaget frå regjeringa pålegg alle som opererer på norsk sokkel å sørgja for at skipa dei nyttar gradvis reduserer klimautsleppa.
Forslaget inneber ein gradvis reduksjon av klimagassintensiteten med 10 prosent i perioden 2029-2031, og 40 prosent i 2038–2040. Det nye kravet vil gi ein samla utsleppsreduksjon på om lag 1,6 millionar tonn CO2-ekvivalentar fram til 2040.
Prislapp på 5,3 milliardar
For å oppfylla kravet må offshorefartøy ta i bruk aukande mengder fornybare drivstoff baserte på grønt eller blått hydrogen, biogass eller elektrisitet.
Miljødirektoratet anslår at den samla samfunnskostnaden for tiltaka er omtrent 5,3 milliardar kroner ved full gjennomføring og effekt, skriv Stavanger Aftenblad.
Mykje av denne rekninga har likevel allereie staten betalt gjennom den lukrative skattepakken oljeselskapa fekk under pandemien, meiner Eriksen.
Møter motbør
Intensjonen i forslaget frå regjeringa om krav til utsleppskutt på norsk sokkel frå 2029 er god, men forslaget har svært usikker klimaeffekt, meiner Norges Rederiforbund.
– Me støttar heilhjarta målet om å redusera klimagassutslepp, og reiarlaga jobbar med omstilling kvar einaste dag. Dette forslaget vil likevel ikkje framskunda den grøne omstillinga i offshorenæringa, men svekkja norsk konkurransekraft, seier administrerande direktør Knut Arild Hareide i Norges Rederiforbund i ein kommentar.
Rederiforbundet påpeikar at internasjonale klimakrav har vorte meir ambisiøse sidan forslaget først vart lanserte.
– Tida har segla frå forslaget. Sidan Stortinget vedtok dette for fleire år sidan har norsk skipsfart vorte ein del av EUs kvotehandelssystem, EU-reglar for overgang til alternative drivstoff er snart innførte, og FN (IMO) er i ferd med å vedta langt meir ambisiøse utsleppsreglar for skipsfarten i verda, meiner han.
Dårleg politikk
Anne Jorunn Møkster, administrerande direktør i Simon Møkster Shipping og leiar for Rederiforbundets offshoregruppe, åtvarar om at særnasjonale regelverk kan ha negative konsekvensar:
– Forslaget er derfor like dårleg næringspolitikk som det er klimapolitikk, seier ho.
Norsk Sjøoffisersforbund (NSOF) støttar også målet om å redusera utslepp frå offshoreflåten, men åtvarar også mot å innføra særnorske krav som kan svekkja både konkurransekraft og tryggleik
– Me vil bidra til at Noreg lykkast med omstilling til havs, men det må skje gjennom internasjonal samordning, smart og realistisk teknologiutvikling og ikkje minst eit kompromisslaust fokus på tryggleiken for mannskapa, seier administrerande direktør Hans Sande i NSOF.
Høyringsfristen er sett til 3. oktober 2025.
(©NPK)
Publisert: 03.07.2025 17:36
Sist oppdatert: 03.07.2025 17:37






