NPK-NTB: Når 3.000 tonn ny asfalt blir lagt på norske vegar i år, er 45 prosent gjenbruk. Det skal bidra til at Statens vegvesen når eitt av klimamåla sine for 2030.
Vegvesenet har som mål å halvere CO2-utslepp frå drift og vedlikehald innan 2030, skriv Nationen.
– For første gong speler CO2-utslepp ei avgjerande rolle for kva for ein entreprenør som vinn anbodet om asfaltkontraktane, seier seksjonsleiar Thor Asbjørn Lunaas i Statens vegvesen Region midt.
Vegvesenet har inngått 71 kontraktar til ein samla verdi av 2,9 milliardar kroner for asfaltlegging i år, fordelt på 800 kilometer på riksvegane og 2.200 kilometer på fylkesvegane.
– Nokre av tiltaka for å redusere CO2-utslepp er å produsere asfalten ved lågare temperatur, meir klimavennlege fyringsmetodar ved asfaltproduksjon og gjenbruk av asfalt, seier Lunaas.
(©NPK)

Publisert: 15.07.2019 08:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33