Kort fortalt

Meir kraftproduksjon og høgare prisar

Midt-Noreg hadde dei høgaste kraftprisane førre veke.

11.01.2023

Produksjonen gjekk mykje opp etter årsskiftet.

Den siste veka i 2022 vart det produsert rekordlite kraft i Noreg. Det skil seg i stor grad frå den første veka av 2023, då produksjonen steig med nærare 40 prosent, noko som er lågt for årstida, skriv NVE i ei pressemelding.

Fyllingsgrada i vassmagasina fall med 1,9 prosenteiningar og ligg no 3,6 prosenteiningar under medianen.

Vindkraftproduksjonen i nabolanda gjekk ned førre veke, noko som bidrog til ein nedgang i kraftimporten. Etter eit lågt forbruk gjennom juleveka var forbruket normalt igjen i veke 1.

Kraftprisane auka i alle prisområda i Europa, og Midt-Noreg hadde den største auken med 86 prosent. Dette førte til ein vekepris på 85 øre/kWh. Årsaka til det er mellom anna prissmitte frå Sverige på enkelte tidspunkt gjennom veka.

I Sør-Noreg såg ein den minste auken. Trass i den låge auken var vekeprisen likevel blant dei høgaste i Nord-Europa med 124 øre/kWh.

Publisert: 11.01.2023 16:52

Sist oppdatert: 11.01.2023 16:53

Mer om