(NPK-NTB): Etter fire veker er det framleis fullt kaos i omberinga av laurdagsaviser, ifølgje fleire redaktørar. Dei krev no at Samferdselsdepartementet gir oppdraget tilbake til Posten.
– Det er eit helvetes kaos og heilt umogleg for ein stakkars avisredaktør som meg å finne ut av kven som har skulda. Det einaste eg veit, er at problema ikkje var der før Kvikkas kom på banen, seier redaktør Bjarne Tormodsgard i Hallingdølen til .
Dei fire laurdagane med ombering i regi av logistikkselskapet Kvikkas har vore eit samanhengande mareritt for redaktøren i den prislønte avisa i Ål i Hallingdal. Av Hallingdølens nærmare 9.000 abonnentar, har Kvikkas ansvaret for å dele ut 800 laurdagsaviser i Flå og Nore og Uvdal.
– Dei første to laurdagane var det nesten ingen av avisene som Kvikkas skulle delt ut, som kom fram. Derfor har vi no oppretta eigne bodruter, med dei ekstrakostnadene det fører med seg, seier Tormodsgard.
Han og fleire andre lokalavisredaktørar krev no at samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) seier opp avtalen med Kvikkas. Pengane som departementet vil spare, om lag 200 millionar kroner over ein toårsperiode, må brukast på å få på plass ei løysing som fungerer, er kravet.
Dagleg leiar Stig Kleive i Kvikkas meiner distribusjonen av laurdagsaviser er langt betre enn inntrykket som blir skapt i media.
– Vi jobbar på spreng saman med avisbransjen med å forbetre presisjonen i utleveringa av laurdagsaviser. Inntrykket vårt er at det berre blir betre og betre frå veke til veke, seier Kleive til Klassekampen. (©NPK)

Publisert: 01.12.2016 08:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43