Kort fortalt

Meir lakselus på villfisk

Mykje funn på laksesmolt og sjøaure.

01.07.2016
(NPK-NTB): Havforskingsinstituttet meiner det er sannsynleg at lakselus har hatt negativ innverknad på utvandrande laksesmolt og sjøaure i dei fleste undersøkte områda.
Det viser resultata frå den første delen av a av lakselus som vart gjort i Sør-Norge i mai og juni.
I delar av Rogaland, Hordaland, Sognefjorden og Møre og Romsdal vart det funne høgare smittepress på vill laksesmolt og sjøaure enn i fjor på same tid.
Resultata frå trålinga etter laksesmolt i ytre del av Trondheimsfjorden indikerte lågt påslag på utvandrande laks som kom ut denne fjorden. Det er likevel sannsynleg at smolten treffer områda med forhøgja smittepress lenger ute.
Dataatyder på ein sannsynleg negativ effekt på sjøaure i ytre delar av Sør-Trøndelag, og sannsynlegvis også for laksesmolt, ifølgje Havforskingsinstituttet.
Også Sørlandet er omfatta av overvakinga av lakselus. Her er det valt stasjonar som ikkje ligg i nærleiken av oppdrettsanlegg for laks, slik at resultata herifrå kan brukast som referanse på normalt infeksjonsnivå hos sjøaure. Det er ikkje venta negative effektar på vill laksefisk som følgje av lakselus i dette området.
I Nord-Noreg er overvakinga framleis i startfasen, det er derfor enno ikkje tilgjengelege resultat frå dette området. (©NPK)

Publisert: 01.07.2016 14:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45