Kort fortalt

Meir lønnsamt å dele fornybar kraft

Skal gjere det meir attraktivt for verksemder å investere i solceller og annan lokal kraftproduksjon.

01.07.2025

(NPK-NTB): Regjeringa innfører ei ny delingsordning som skal gjere det meir attraktivt for verksemder i næringsområde å investere i solceller og annan lokal kraftproduksjon.

– No fastset vi ei delingsordning tilpassa næringsområde som vil gi aktørar større insentiv til å investere i fornybar kraft på utbygd areal. Fritaket for elavgift og nettleige vil auke lønnsemda for solcelleanlegg og anna fornybar kraft, seier energiminister Terje Aasland (Ap)

Ordninga, som trer i kraft 1. januar 2026, gjeld for næringsparkar, industriparkar og liknande der verksemder samarbeider og deler infrastruktur. Den omfattar ikkje generell næringsbusetnad i by- og sentrumsområde.

Aasland understrekar at tiltaket har fleire fordelar:

Ordninga kan bidra til meir kraft samtidig som ein unngår naturinngrep.

Delingsordninga tillèt kraftprodusentar å dele straum innanfor same eigedom og nærliggjande eigedommar i eit næringsområde. Energidepartementet vil i samarbeid med Reguleringsmyndigheita for energi (RME) utarbeide ein rettleiar for å gjere tydeleg avgrensinga av næringsområde.

(©NPK)

Publisert: 01.07.2025 10:21

Sist oppdatert: 01.07.2025 10:21

Mer om