Kort fortalt

Meir omstilling i vente

Erna Solberg varslar at tida for omstilling ikkje er over.

15.01.2018
NPK-NTB: Tida for omstilling er ikkje over sjølv om vi er over kneika etter oljepris-sjokket, slo statsminister Erna Solberg (H) fast då ho snakk til Solamøtet måndag.
Med ei rykande fersk regjeringsplattform i veska gjekk Solberg rett på sak då ho innleidde på Solamøtet måndag morgon.
– Konjunkturnedgangen etter 2014 er over og det er i ferd med å snu også på Sør- og Vestlandet. Optimismen er tilbake. Allereie i år kjem veksten til å liggje over historisk trend. Men kan vi puste ut av den grunn? Dessverre, det kan vi ikkje. Tida for omstillingar er ikkje over, sa Solberg.
Globalisering, klimakrav og digitalisering er utfordringar som gjer at omstillingane må halde fram.
– Det blir ikkje revolusjon, men det blir hardt arbeid. Og plattforma frå Jeløya teiknar eit bilete av vegen vi skal gå, sa Solberg.
I tillegg til dei globale forholda, har vi ei særnorsk utfordring, sa statsministeren.
– Vi kjem til å få mindre vekstimpulsar frå olje- og gassnæringa framover. Veksten må bli henta frå andre sektorar, sa Solberg.

Publisert: 15.01.2018 14:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40