I ein resolusjon frå fylkesårsmøte i Vestland Frp blir Stortinget oppmoda om å gå inn for bygging av Stad skipstunnel.
Dei peiker mellom anna på behovet for trygg transport, reduksjon av uproduktiv tid for reiarane og kutt i energiforbruk for skipsfarten.
Nyleg kom gav også landsstyret i Raudt tommelen opp for bygging av skipstunnelen.
– For mange er Stad ikkje eit vakkert landskap, men ein krevjande og risikofylt arbeidsplass. Skipstunnelen handlar om tryggleik i arbeidskvardagen for sjøfolk, fiskarar og transportnæringa, uttaler Aina M. Hauge, landsstyrerepresentant for Rødt i Møre og Romsdal i ei melding.
Kystverket jobbar i desse dagar med å forhandle ned prisen på prosjektet. Det er venta at dei vil legge fram ei ny pris på skipstunnelen før Stortinget tek stilling til revidert statsbudsjett i mai.
Publisert: 17.02.2026 09:40
Sist oppdatert: 17.02.2026 09:40






