Kort fortalt

Meir tap i reiseliv for Flakk

62°Nord med nytt underskudd.

Marius Rosbach
07.07.2022

Reiselivsselskapet 62°Nord fekk eit nytt minusår i fjor. Inntektene til det Flakk-eigde selskapet auka samanlikna med året før, men det gjorde også underskottet (sjå tabell under).

2021 var tredje året på rad med underskott for selskapet som mellom anna arrangerer havrafting og båtturar frå Ålesund.

Leiinga skriv i årsrapporten at dei ventar at koronapandemien framleis vil påverka verksemda i 2022, men ikkje gi vesentlege effektar.

62 Nord
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 29,3 21,2
Driftsresultat -5,8 -3,9
Resultat før skatt -5,9 -4,3

Publisert: 07.07.2022 15:19

Sist oppdatert: 07.07.2022 17:47

Mer om