Kort fortalt
Meir tempo i bustadsalet
Men Ålesund er framleis tregast i landet.
Marius Rosbach
05.04.2022
Bustadprisane aukar framleis kraftig og steig med 1,1 prosent i mars. Det viser månadstala for bustadmarknaden frå Eiendom Norge, som blei lagt fram tysdag.
So langt i år har bustadprisane stege med 7,6 prosent – som gjer kvartalet til det sterkaste i statistikkens historie.
Statistikken viser mellom anna at omsetningshastigheita gjekk kraftig ned i Ålesund og omegn, frå 96 til 57 dagar. Likevel er området den plassen i landet, der det tok lengst tid å selje bruktbustad i førre månad.
Salstida har gått betydeleg ned i mange områder og snitttida var i mars nede i berre 30 dagar.
Publisert: 05.04.2022 14:06
Sist oppdatert: 05.04.2022 14:07