Lanternen Kare Jensholm 2
REKORDSOMMAR: Dagleg leiar Kåre Jensholm på Lanternen opplever ein rekordsommar, etter at selskapet i fjor levert rekordresultat. Foto: Kjetil Haanes
Kort fortalt

Rekordsommar etter rekordår

Også ungdomar vil ha kjøttkaker, viser det seg.

30.07.2024

Spisestaden Lanternen i Herøy har sin beste sommarsesong nokon gong, fortel dagleg leiar Kåre Jensholm til Vestlandsnytt.

I fjor sette selskapet rekord både i omsetning og overskot (sjå tabell under).

70-åringen er framleis ansvarleg for drifta av restauranten på Jensholmen, og held seg til trur til menyen han har hatt sidan starten.

– Fordi vi serverer så mykje tradisjonsmat var eg redd for at det berre ville kome gamle gubbar. Men det viser seg at ungdommane også vil ha kjøtkaker, seier han til avisa.

Seinest søndag var det 350 gjestar innfor dørene på spiseplassen, ifølgje Jensholm.

Lanternen As

Årsresultat (i mill kr)
2023
2022
Driftsinntekter
5,4
4,6
Driftsresultat
0,2
0,1
Resultat før skatt
0,2
0,1

Publisert: 30.07.2024 14:15

Sist oppdatert: 30.07.2024 15:48

Mer om