Kort fortalt

Miljøorganisasjonar fekk medhald om Førdefjorden

Efta-domstolen gir Naturvernforbundet og Natur og Ungdom rett i striden om gruveavfall.

05.03.2025

(NPK-NTB): Det er ikkje «tvingende allmenne hensyn» som opnar for å deponere gruveavfall i Førdefjorden, slår Efta-domstolen fast onsdag.

Etter tapet mot staten i januar i fjor bad miljøorganisasjonane Efta-domstolen vurdere godkjenninga til staten av å dumpe opptil 170 millionar tonn utsprengt gruveavfall i Førdefjorden.

Onsdag klokka 14 kom dommen frå domstolen i Luxembourg. Der er konklusjonen at reint økonomisk omsyn ikkje kan tene som grunngiving for å tillate slik forureining.

– Dette er ein stor siger, og det betyr at dommen frå Oslo tingrett var feil. No ser vi fram til å møte staten i lagmannsretten for å setje ein endeleg stoppar for dumping av gruveavfall i Førdefjorden, seier leiar Truls Gulowsen i Naturvernforbundet i ei pressemelding.

Efta-domstolens dom er ikkje juridisk bindande, men er ein rådgivande uttale. Den kan likevel bli tillagt stor vekt når ankesaka blir teken opp til behandling i Borgarting lagmannsrett seinare i år.

Tidlegare har både EU-kommisjonen og Eftas overvakingsorgan Esa uttala seg i saka. Begge meiner at verken omsynet til privat forteneste eller skatteinntekter fell inn under kravet i vassdirektivet for å tillate forureining.

Engebøfjellet ved Førdefjorden inneheld Noregs største kjende førekomst av rutil, som blir brukt til utvinning av titandioksid (E171) og granat. Etter mange års utsetjingar starta Nordic Mining gruvedrift på fjellet like før jul i fjor.

Publisert: 05.03.2025 14:53

Sist oppdatert: 05.03.2025 14:54

Mer om