(NPK): Miljøbyggkonferansen på Nordfjordeid håpar å starte ein offensiv for energieffektive og miljøvennlege bygg.
Temaet for konferansen 12. november er korleis det offentlege og næringslivet kan bidra til målsetjinga om meir miljøvennlege og energieffektive bygg i framtida.
Håpet er at konferansen skal fungere som ein «kickoff» for ein grøn offensiv både blant offentlege og private aktørar. Det er NHO Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Innovasjon Noreg og Energikompetansesenteret som arrangerer Miljøbyggkonferansen 2015, fortel fylkeskommunen i ei pressemelding. (©NPK)

Publisert: 06.11.2015 12:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50