Kort fortalt

Miljøpris til plastfritt Giske

Har samla inn sju tonn plast.

15.11.2017
På måndag vedtok regional- og næringsutvalet at går til den frivillige organisasjonen Plastfritt Giske.
Organisasjonen arbeider for eit plastfritt hav, og organiserer både ryddedugnad og andre aksjonar for å halde fjæra fri for søppel. Initiativtakarane på Giske har engasjert store og små og har fått med seg både skole og bibliotek på laget. Til saman har dei samla inn mellom sju tonn plast, opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.
- Ei av dei største miljøutfordringane vi har er forsøpling i havet. Mikroplast har negativ påverknad på det marine økosystemet og naturmangfaldet. Vi er imponert over kva initiativtakarane til Plastfritt Giske har fått til. Dei har gått systematisk til verks og rydda øyane rundt Giske, seier leiar i regional- og næringsutvalet, Runar Vestheim.
I tillegg til heider og ære består miljøprisen av eit kunstverk av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15 000 kroner. Prisen blir delt ut under fylkestingstinget i desember.

Publisert: 15.11.2017 11:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41