(NPK): Ifølgje Dagens Næringsliv har anlegga ved Flekkefjord i Vest-Agder fått såkalla ASC-sertifisering.
– Dette er ein omfattande standard, den mest omfattande som finst. Vi må dokumentere og overvake alle sider ved produksjonen som igjen blir verifisert av tredjepart. Det blir stilt krav om null rømming, låge lusenivå og minimal bruk av legemiddel, fôr som berre skal komme frå 100 prosent berekraftige kjelder, dokumentasjon av botnsediment, utslepp av næringssalt og eventuell påverknad på ville laksestammar, seier teknisk direktør Øyvind Oaland i Marine Harvest til avisa.
Han meiner dette er den einaste fornuftige vegen å gå dersom oppdrettsnæringa skal kunne vekse i Noreg
Marine Harvest har plikta seg til å sertifisere alle anlegga sine rundt om i verda før 2020. Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet synest det er bra at Marine Harvest gjer dette, men peikar på at det ikkje løyser dei akutte luseproblema langs kysten. Han meiner også ASC-reglane kunne vore strengare.

Publisert: 12.02.2014 12:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:21