Kort fortalt

Milliardgevinst på straumprisdifferanse

Statnett tente milliardar på store forskjellar i straumprisar.

25.03.2022

Statnett hadde driftsinntekter på 14,4 milliardar kroner i fjor. Særleg inntektene på overføring av straum mellom område med prisforskjell auka.

I 2020 var driftsinntektene 10,8 milliardar kroner.

– 2021 var eit spesielt år på fleire måtar. Året starta med låge kraftprisar og breiddfulle magasin og vart avslutta med mindre vatn enn normalt og eit prisnivå få hadde sett for seg, skriv konsernsjef Hilde Tonne i årsrapporten.

Det underliggjande årsresultatet vart redusert frå rundt 2,1 milliardar kroner til om lag 1,5 milliardar kroner. Dette kjem av i hovudsak auka kostnader til drift av systema som følgje av høgare kraftpris, forklarer selskapet.

Ifølgje E24 auka dei såkalla flaskehalsinntektene med frå 2,4 milliardar kroner i 2020 til 5,8 milliardar kroner i 2021. Dette er inntekter som kjem når kraft blir overført mellom område med ulik kraftpris.

– Dei store prisforskjellane har gitt rekordhøge flaskehalsinntekter i 2021 og vidare i 2022. Som følgje av dette set Statnett forbrukstariffen til null frå 1. april 2022 og ut året, heiter det i årsrapporten.

Publisert: 25.03.2022 08:11

Sist oppdatert: 25.03.2022 08:13

Mer om