(NPK): Karmøy-reiarlaget Solstad Offshore fekk eit resultat på minus 1,56 milliardar kroner i fjor. Låg oljepris og kutt i oljebransjen gir mindre arbeid for offshorereiarlaga, og er grunnen til dei blodraude tala.
Norske offshorereiarlag har lagt eit tøft år bak seg. Over hundre offshoreskip er lagt i opplag og over 3.000 jobbar har forsvunne, skriv .
Solstad Offshore på Karmøy har ikkje sloppe unna. Dei har sagt opp 340 medarbeidarar og sendt 12 av 44 skip i opplag.
Resultatet før skatt var minus 1,56 milliardar kroner, mot 145 millionar i pluss året før. I 2013 var det same talet ein halv milliard i pluss.
Sjefen i reiarlaget er budd på at 2016 kan bli endå tøffare.
– 2016 blir verre enn 2015 for bransjen vår. Aktivitetsnivået kjem heilt sikkert til å bli lågare i år, seier administrerande direktør Lars Peder Solstad til Sysla.

Publisert: 24.02.2016 15:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48