Milliardutbytte etter rekordår for Lerøy
(NPK-NTB): Sjømatselskapet Lerøys omsetning steig til rekordhøge 30 milliardar kroner i 2023, og varslar eit utbytte på 2,5 kroner per aksje.
Det utgjer 1,5 til saman milliardar kroner, skriv E24.
– Eg er stolt av den jobben vi og våre tilsette gjer, samtidig som vi erkjenner at året som har gått har vore utfordrande, seier Lerøy-sjef Henning Beltestad.
I fjerde kvartal 2023 fall det operasjonelle driftsresultatet til 765 millionar kroner, ned frå 822 millionar kroner året før. Ifølgje DN er dette noko høgare enn forventninga til analytikarane, som låg på 659 millionar kroner.
Til saman slakta selskapet 47.500 tonn laks og aure Noreg i fjerde kvartal. Totalt enda dermed slaktevolumet på 160.000 tonn i 2023, rundt 11 prosent mindre enn selskapet estimerte at dei ville slakte i løpet av året.
(©NPK)
Publisert: 28.02.2024 09:42
Sist oppdatert: 28.02.2024 09:42