(NPK-NTB): Heilt sidan 1996 har André Eidskrem frå Ålesund eigd domenet by.com. No blir det selt på auksjon for fleire millionar kroner.
– By.com vil i alle fall bli selt for eit millionbeløp i dollar. Det er veldig gledeleg, seier Eidskrem til VG.
Auksjonen går av stabelen 11. januar, og det førebelse bodet som ligg inne er på 600.000 dollar, altså 5 millionar norske kroner. Men dette er under minstekravet, som førebels er ein hemmeleg sum.
Den norske IT-gründeren kjøpte domenet for 5.000 dollar i 1996.
Til seier Eidskrem at han tidlegare har fått bod på nærare 1,5 millionar dollar, altså rundt 13 millionar kroner med dagens kurs, men at domenet ikkje har vore til sals før no.
Eidskrem sel domenenamnet for å skaffe pengar til IT-firmaet han leier, som snart skal lansere ein internasjonal mobilplattform for Cisco.

Publisert: 06.01.2016 09:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49