Kort fortalt

Milliongjeld i transportkonkurs

Slutt for Vanylven-selskap.

11.01.2024

Løvold Transport på Åheim i Vanylven er konkurs med ei gjeld på kring to millionar kroner, ifølgje Sunnmørsposten.

Bustyrar Jørund Knardal opplyser til avisa at bakgrunnen for kravet er leasing av ein lagerhall frå Brage Finans.

Firmaet har hatt kring fem millionar i omsetning dei siste åra, og hadde fire årsverk sysselsett i 2022, viser årsmeldinga. Første skiftesamling i saka er 19. februar.

Publisert: 11.01.2024 14:43

Sist oppdatert: 11.01.2024 14:43

Mer om