Kort fortalt
Millionpremie til Ulstein-gründer
Gjekk til topps i USA-kåring.
26.09.2022
Ulstein-verksemda Urchinomics blei før helga kåra til «Ecopreneur of the Year», under konferansen «Dreamforce» i San Francisco, ifølgje Vikebladet.
– Premien var på 200.000 dollar, eller nærmare to millionar kroner. Det er naturlegvis enormt stort og inspirerande å få ein slik pris, seier Brian Takeda til avisa på telefon frå USA.
Juryen bestod i første rekke av miljøinvestorar og kring 30.000 deltok på konferansen i California.
Publisert: 26.09.2022 11:28
Sist oppdatert: 26.09.2022 11:32