Vanskeleg kamp for kråkebollesatsing
Japansk-kanadiske Brian opplever at det er enklare å få investorar og merksemd globalt, enn «heime» i Norge.
I fleire år har Brian Tsuyoshi Takeda jobba med å kommersialisere oppdrett av kråkeboller gjennom selskapet Urchinomics. Det første anlegget er i drift i Japan, og dei jobbar med å etablere seg fleire andre plassar i verda.
Sjølv om dei er i gong med eit testanlegg ved Stavanger, har arbeidet i Norge gått tregt.
– Vi har fått gjennomslag andre plasser og har investorar frå ulike plassar i verda. Men det har vore ein vanskeleg kamp her i Norge, erkjenner Takeda.
Oppdrett og restaurering av tareskogen
Under leiarkonferansen i Ulsteinvik denne veka, fortalde han om
forretningsideen. I korte trekk går den ut på å sanke magre kråkebollar –
feite dei opp – og selje rogna som delikatessemat.
Takeda har vore intervjua i fleire medier – også internasjonalt – som har fortalt om korleis Urchinomics ønsker å utvikle kråkebolleoppdrett og samtidig restaurere tareskog. Det siste står heilt sentralt.
– Vi er opptekne av å skape ein kommersiell verksemd, der investorar kan bli med, men til sjuande og sist vil vi skape noko som er bra for miljøet og samfunnet, seier Takeda.
(saka held fram under)
Invitert til World Economic Forum
Tidlegare i år var den Ulsteinvik-busette japanar-kanadiaren invitert
for å snakke om ideen under World Economic Forum i Davos. Urchinomics er
også det einaste norske - og europeiske - selskapet som er plukka ut
til å vere med på FN-satsinga «Ocean Decade».
Likevel har Takeda altså opplevd det vanskeleg å gjennomslag i Norge.
– Det er litt trist at eg sitter her i Norge og ikkje klarer å få ballen til å rulle. Kanskje har eg ikkje den kunnskapen, eller gjennomslagskrafta som trengst. Difor vil eg ta inn andre folk som har anna kompetanse og betre relasjonar enn eg sjølv, held han fram.
Det er litt trist at eg sitter her i Norge og ikkje klarer å få ballen til å rulle
Solide investorar i utlandet
Takeda ser gjerne for seg eit kommersielt anlegg i Norge, og meiner Tromsø er den mest aktuelle plassen. I tillegg til eit anlegg nummer to i Japan, jobbar dei i første omgang med å etablere eit nytt anlegg i California i USA.
Det nederlandske reiarlaget Cornelis Vrolijk og den amerikanske Walton-familien, som har bygd formuen på Walmart-butikkane, er mellom investorane i utlandet.
Lokalt i Norge har Urchinomics mellom anna jobba med Cflow. Typiske samarbeidspartnar kan vere bedrifter innafor landbasert oppdrett, eller andre delar av sjømatindustrien.
(saka held fram under)
Kan løyse miljøkatastrofe
Takeda meiner det er ekstra rart at det har vore vanskeleg å få merksemd om kråkebolleopprett her til lands.
Forskere har dokumentert hvordan overfiske på 1970-tallet førte til
at kråkebollenes naturlig fiender forsvant. Konsekvensen vart ei uhemma formering av kråkeboller - som igjen spiste opp tareskogen langs store deler
av kysten.
– Det er nesten ingen som veit om dette i havlandet Norge. Eg trur manglande kunnskap kan gjere at vi ikkje har fått det momentumet og interessa, som andre opplever, legg han til.
Ved å fjerne kråkebollene, vil tareskogen vekse tilbake - og et vesentleg poeng er at tareskogen binder karbon. Med andre ord snakkar vi om eit kinderegg når det kjem til berekraft.
Eit trøst er at iallfall klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) fann ideen såpass interessant då dei møttest i Davos, at han ville halde kontakta.
Brussel-utsending ikkje overraska
Merete Mikkelesen ved Vest-Norges Brussel-kontor var ikkje overraska over å høyre erfaringane Urchinomics-gründeren hadde gjort seg under leiarkonferansen i Ulsteinvik.
– Vi høyrer flere som fortel at dei opplever at det er lettare å nå fram i EU, enn i det norske systemet. Kanskje kan det vere enklare å overtyde EU om ein god idé frå Norge, fordi dei er veldig interessert i kva som skjer her, sa ho i ein sofasamtale.
– Vi høyrer flere som fortel at dei opplever at det er lettare å nå fram i EU, enn i det norske systemet.
Takeda sjølv ser ikkje vekk frå at språket har vore ei barriere, og har difor lagt seg i selen for å bli betre.
– Eg trur også at det vi driv med er framand og litt rart for mange nordmenn, legg han til.
Vil ha produksjon ulike plassar
Urchinomics har kring 20 tilsette i arbeid som er direkte
sysselsatte i selskapa deira, og halvparten av dei jobbar i Japan. Dette
er også verdas hovudmarknad for kråkebollerogna.
Verksemda er spreidt over store delar av verda med hovedvekt på Nederland. Gründeren meiner produksjon ulike plassar er ein nødvendigheit for at det skal vere berekraftig.
– Produsere lokalt og forbruke lokalt er cluet. I dag blir kråkebollet fanga ulike kantar i verda og sendt til Japan med fly. Også blir dei sendt tilbake ut i marknaden. Det er den mest galne ting ein kan gjere, meiner han.
Publisert: 12.06.2022 05:00
Sist oppdatert: 22.01.2024 12:09