Kort fortalt

Mindre fare for kraftkrise

Statnett har skifta meining.

24.11.2022
(NPK-NTB): Statnett har endra si vurdering av energisituasjonen frå stram (gult nivå) til normal (grønt nivå).

– Den store mengda nedbør gjennom hausten har saman med tilstrekkeleg import, redusert forbruk og låg kraftproduksjon frå vassmagasina bidrege til ein betra situasjon for denne vinteren. Det er framleis viktig å understreke alvoret i den store uvissa vi ser i den europeiske energimarknaden, også opp mot neste vinter, seier konsernsjef Hilde Tonne i Statnett.

Sidan sommaren har kraftproduksjonen vore lågare enn normalt, importen har vore høg og forbruket lågt. Statnett har følgt situasjonen tett etter at låg magasinfylling og energikrise i Europa var med på å skape frykt for krafttilgangen i Noreg i vinter.

– Har hatt effekt
– Regjeringa har jobba med å forbetre forsyningstryggleiken vår sida før sommaren, og no ser vi resultata av det. Det er svært gledeleg at Statnett justerer vurderinga av energisituasjonen frå stramt nivå til normalt nivå, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) til NTB.

Selskapa har fått beskjed om å spare på vatnet, noko det ser ut til at dei har gjort.

– Vi ser at rapporteringsordninga har hatt effekt, og at kraftprodusentane sparer vatn. Det er viktig og bidreg til energitryggleik gjennom vinteren. Det er også god fyllingsgrad i europeiske gasslager, og vi er derfor litt mindre bekymra for importsituasjonen no, seier Tonne.

– Samtidig veit vi at det er stor uvisse om gasstilgangen før neste vår og vinter. Vi vil derfor følgje situasjonen tett saman med energistyresmaktene også vidare framover, understrekar Hilde Tonne.

Må framleis følgje med
Ordninga med rapportering av magasindisponeringa til kraftprodusentane skal halde fram.

– Det er framleis viktig at kraftprodusentane disponerer vatnet i magasina med varsemd og tek inn over seg den auka risikoen fram mot neste vinter. Vatnet må disponerast opp mot snøsmelting og faren for vårflaum, samtidig som det er behov for auka kraftproduksjon inn mot dei kaldare månadene, seier Tonne.

Olje- og energiministeren er også glad for at kraftprodusentane har spart på vatnet gjennom hausten.

– No går vi inn i tappesesongen, som betyr at produsentane vil lage straum av vatnet igjen. Eg er trygg på at dei vil gjere det på ein god måte gjennom vinteren, der dei også tek høgd for ein litt meir usikker situasjon inn mot neste vinter, seier Aasland.

Publisert: 24.11.2022 08:24

Sist oppdatert: 24.11.2022 08:26

Mer om