Kort fortalt

Mindre import av julevarer i år

Men mange av juletrea kjem frå Danmark.

21.12.2016
(NPK-NTB): Det er importert færre julevarer i år enn i fjor, ifølgje juleundersøkinga til Statistisk sentralbyrå. Men pakker under treet blir det nok av uansett.
har som vanleg sett på importen av varer i oktober og november, og skal ein dømme ut frå importtala før jul så kan det bli færre tradisjonelle mjuke pakker som skjorter, skjørt og slips under treet i år. For akrobatar på snøbrett og monoski er det lov å håpe på nytt utstyr.
I november vart det importert over 118.000 juletre – alle saman frå Danmark. Det er ein liten auke frå same månad i fjor, men vanlegvis blir det importert fleire juletre i desember enn i november.
Barn og ungdom – og i mange tilfelle far – er ikkje bestandig like glade i mjuke pakker. Dei kan kanskje augne eit lite håp om fleire harde pakker i år ettersom det er blitt importert færre skjorter, bluser, skjørt og slips i oktober og november i år enn i dei same månadane i fjor.
Undersøkinga viser også at klementinar stadig står sterkt i jula. I oktober og november vart det importert nesten 9.560 tonn klementinar. Importen av mandlar til julegrauten viser også ein kraftig auke. I same periode vart det tatt inn heile 25.600 kilo mandlar med skal. Det er nesten tre gonger så mykje som i fjor.
(©NPK)

Publisert: 21.12.2016 10:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43