Kort fortalt

Mindre lodde i Barentshavet

Mesteparten står i norsk sone.

05.10.2016
(NPK): Det norsk-russiske økosystemtoktet i Barentshavet har funne mindre lodde i år enn tidlegare år.
Havforskarane har allereie levert kvoterådet sitt for lodde neste år, og det er no til kvalitetssikring i Det internasjonale havforskingsrådet (ICES). Kvoterådet for lodde skal vere klart 10. oktober.
– Overslaga av loddebestanden viser at det er mindre vaksen lodde enn i fjor, og at mesteparten står i den norske sona, seier Georg Skaret, som er bestandsansvarleg for lodde ved Havforskingsinstituttet.
Den norsk-russiske fiskerikommisjonen skal fastsetje dei endelege kvotane for både lodde og dei andre kommersielle fiskebestandane på eit møte i Moss 17.– 20. oktober. (©NPK)

Publisert: 05.10.2016 10:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44