NPK: Koronakrisa gjer også at vi endrar matvanane våre. Ei ny undersøking viser at nesten halvparten av oss har blitt meir bevisst på å ikkje kaste mat under krisa.
Undersøkinga, utført av Opinion for Q-Meieriene, viste også at nordmenn ikkje fryktar at butikkane blir tomme og at vi er meir opptekne av at maten vi et er norsk, skriv
Dei viktigaste årsakene til mindre matsvinn er, ifølgje undersøkinga, at vi har eit meir bevisst forhold til å ikkje kaste mat og at vi går sjeldnare i butikken. Samstundes svarar mange at dei no har betre tid til å lage mat og restemat.
Det blir kasta mindre restar frå middagen, men også mindre brød, frukt, grønt og pålegg. 31 prosent seier dei kastar mindre mjølk og andre meieriprodukt. To av tre i undersøkinga seier at dei vurderer det som viktigare at maten kjem frå Noreg no enn før.

Publisert: 06.04.2020 10:06
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28