Kort fortalt

Mindre russisk fisk i norske hamner

Likevel milliardverdi grunna høge fiskeprisar.

07.03.2024

(NPK-NTB): Russiske fiskebåtar droppar norske fiskehamner. Sidan Russlands krigføring mot Ukraina har talet sokke markant.

Russiske fiskefartøy har tre tilgjengelege anløpshamner i Noreg; Tromsø, Båtsfjord og Kirkenes.

Tal frå Kystverket viser over 200 færre anløp i fjor målt mot 2022, skriv NRK.

I fjor var det 675 anløp frå russiske fiskebåtar. I 2022 låg talet på 882.

Kirkenes er hamna som har teke imot størst del anløpte russiske fiskebåtar. Dei har også hatt den største nedgangen.

Ifølgje Norges Råfisklag minka mengda russisk fisk i norske hamner med ein tredel. Frå 107.000 tonn til 73.000.

Grunna høgare fiskeprisar var likevel ikkje nedgangen i verdien like stor. I 2023 fekk Noreg inn russisk fisk for 1,50 milliard kroner, ein nedgang i verdi på omtrent 18 prosent.

(©NPK)

Publisert: 07.03.2024 13:11

Sist oppdatert: 07.03.2024 13:11

Mer om