NPK: I fjor brukte Kystvakta 34 prosent av tida si til å kontrollere fangsten på fiskebåtar. For ti år sidan var talet anslagsvis det doble.
Det går fram av ein rapport frå fiskefuskutvalet, omtalt på nettstaden
Utvalet skriv at nedgangen kjem av at Kystvakta må bruke kapasitet på andre oppdrag, som militære oppdrag, søk- og redningsoppdrag og auka turistaktivitet i havområda rundt Svalbard, i tillegg til innfasing av det nye kystvakthelikopteret NH90.
– Kystvakta brukte om lag 34 prosent av tida til ressurskontroll i 2018. Dei har ikkje registrert tidsbruk til fiskerikontroll systematisk tidlegare, men opplyser i innspelet sitt til utvalet at anslagsvis 70 prosent av tidsressursane gjekk til ressurskontroll for ti år sidan, heiter det vidare i rapporten.

Publisert: 03.12.2019 09:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31