(NPK): Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) aukar kvoterådet for sei i Nordsjøen til 116.605 tonn i 2017 – ein auke på over 40.000 tonn frå i år.
– Oppgangen i kvoterådet for sei kjem av ei meir positiv oppfatning av bestandssituasjonen etter ein metoderevisjon i mars og dessutan endringar i sjølve kvoterådgivinga, seier varamedlem i rådskomiteen i ICES Sigbjørn Mehl.
ICES justerer samtidig kvoteråda for både torsk, kviting og raudspette litt ned frå 2016, mest på grunn av endringar i sjølve kvoterådgivinga. Bestandane er i nokså god forfatning, ikkje minst raudspetta, fortel Havforskingsinstituttet.
Kvoterådet for torsk er på 47.431 tonn og for raudspette 158.201 tonn. For kviting tilrår havforskarane ein kvote på 23.527 tonn i Nordsjøen og Den engelske kanalen og 500 tonn i Skagerrak.
Kvoterådet for hyse i Nordsjøen blir først klart til hausten. (©NPK)

Publisert: 30.06.2016 14:37
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45