Snorrebuda foto marius 11
ULSTEINVIK: Snorrebuda Mat og Vinhus sysselsette sju årsverk gjennom restaurantverksemda i Ulsteinvik sentrum. Foto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Minus for Snorrebuda

Men omsetninga nær dobla i fjor.

Marius Rosbach
26.07.2022
Snorrebuda Mat og Vinhus auka inntektene kraftig i fjor, men året enda med eit lite underskot.


Omsetninga steig frå 3,6 millionar kroner i 2020, til 6,9 millionar i 2021. Resultatet enda med eit underskot på nær 70.000 kroner.

Eigenkapitalen er på kring 580.000 kroner og gjelda var ved utgangen av året på knappe 1,6 millionar.

Kokken Roll-selskapet som driv catering frå lokala ved hurtigbåtkaia på Hareid, gjekk inn som majoritetseigar i selskapet i fjor. Dei eig drygt 55 prosent av aksjane. Også Randi Elise Bø og Frank Strandebø eig 18,6 prosent kvar.

Publisert: 26.07.2022 10:37

Sist oppdatert: 26.07.2022 10:41

Mer om