Kokkn roll 3
HAREID: Bra år for Sivert Hasund og Ole Christian Sivertstøl i Kokk'n Roll i fjor. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Kokk'n Roll tilbake mot normalen

Auka interesse for ferdigmat, gav Kokk'n Roll på Hareid eit oppsving i fjor.

24.06.2022

- Vi nærmar oss no slik vi har tenkt at Kokk'n Roll skal vere - eit cateringselskap som dekker eit stort område med kvalitetsmat.

Det seier dagleg leiar Sigurd-Johan Thorheim i Hareid-selskapet til NETT NO.

Kokk'n Roll vart opphaveleg starta i 2005, men etter ein konkurs i 2016 vart det i 2018 restart i den tidlegare terminalkiosken til Fjord1 på Hareid.

Omsetningsauke trass korona
Dermed kom ein tett på mange kundar, som reiser til og frå med ferje eller hurtigbåt, men så fekk ein pandemien midt i fleisen samstundes som ein introduserte nysatsinga på Hareid.

Men selskapet har klart seg gjennom pandemi og andre utfordringar, og omsette i 2021 mat for 3,9 millionar kroner, opp 0,8 millionar frå året før.

- Vi budsjetterer med om lag det same i år, seier Thorheim.

(saka held fram under)

Kokken Roll
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 3,9 3,1
Driftsresultat 0,2 0,2
Resultat før skatt 0,2 0,2

Middagsposar
Bak satsinga står kokkane Ole Christian Sivertstøl og Sivert Hasund, i tillegg til dagleg leiar Sigurd-Johan Thorheim.

Frå Hareid vert det satsa stort på catering og levering av selskapsmat og kvardagsmat.

Mykje av salet dreier seg om middagsposar og helgeposar, som kundane tek med seg heim og varmar opp heime. Dei har også partyposar og fingermat.

Ferskvaredisk

Kokk'n Roll har også ferskvareavdeling, blant anna med sal av pizza og lunsjmenyar. I tillegg satsar ein på levering til større selskap.

Selskapet har kjøpt aksjemajoriteten i Snorrebuda Mat & Vinhus i Ulsteinvik, som ikkje har lagt fram sitt 2021-resultat enno.

Selskapet har ein eigenkapital på 0,6 millionar kroner.

Publisert: 24.06.2022 05:00

Sist oppdatert: 23.06.2022 23:50

Mer om