– Det handlar om å overleve
Som nyetablert i utelivsbransjen møter T2 i Ålesund ekstra utfordringar.
Onsdag ettermiddag opna utestaden T2 i Ålesund sentrum dørene igjen, trass i at bransjen framleis må halde alkoholen vekke frå bordene. Takka vere lønnsstøtteordninga kan dagleg leiar Geir Leirvåg halde nær ti tilsette i arbeid.
– Vi må finne nye måtar å finne lønnsemd. No satsar vi mest på takeaway med utkøyring, fortel han til NETT NO.
På den positive sida er det «liv i bedrifta» og dei får halde i gong marknadsføringa mot gjestane. Så langt har lønnsemda vore god nok til dei vil halde fram.
– Vi må prøve å få nok inntekter til å dekke kostnadene med å ha tilsette i arbeid. Det handlar om å overleve, legg han til.
Får lønnsstøtte – trekte permitteringar
Det nyaste tilskotet under Momenium-paraplyen har hatt ein tøff start
etter opninga i fjor haust. Etter berre få veker i drift blei
smitteverntiltaka skjerpa, og før jul kom skjenkestansen.
Leirvåg fortel at dei først varsla permittering for alle, men etter at politikararene la lønnskompensasjonen på bordet, blei dei faste tilsette kalla tilbake.
Han fortel at dei har rekna ut at kostnadene kjem ut på eitt om dei hadde permittert.
– Då valde vi sjølvsagt å ta folk tilbake i arbeid, fortel Leirvåg.
Anslår tap på halvparten av omsetninga
T2 satsar på servering av tacomåltider og sceneunderhaldning. Som nyetablert bedrift er det fleire av kriseordningane i kjølvatnet av pandemien, som ikkje er tilgjengeleg for dei.
I tillegg til at dei har langt mindre besøk i restauranten enn dei hadde håpt på, må dei ha langt mindre publikum ved konsertar så lenge ein-meters-regelen gjeld.
– Samen med skjenkestoppen dreiar det seg om ein betydeleg inntektssvikt på meir enn 50 prosent, anslår den daglege leiaren.
Stemmer over skjenkestopp
Forbodet mot å skjenke alkohol grunna koronapandemien, har skapt stor debatt. Seinast tysdag gjekk Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv ut og tok til orde bruk av vaksinepass i staden for skjenkeforbod.
Trass i at fleire parti på Stortinget vil oppheve skjenkeforbodet med ein gong, må serveringsbransjen truleg belage seg på at den minst vil gjelde til 14. januar.
Torsdag skal Stortinget stemme over eit hasteforslag frå Frp og MDG om å droppe skjenkestoppen. Men Høgre har stilt seg saman med regjeringa og vil truleg blokkerer eit fleirtal.
Må ta risikoen ved arrangement
I dag kan T2 berre ha kring 30 publikumarar til stades på konsertar.
Inntektstapet blir delvis dekt gjennom krisehjelpa for kulturarrangement, som Leirvåg omtalar som ei «fin ordning».
Han påpeiker likevel at dei gjerne skulle slept risikoen ved å først arrangere – og deretter krysse fingrane for at dei får den støtta dei søkar om.
– Det er litt skummelt for ei nystarta bedrift som oss. Vi har uansett utgifter til honorar og det å ha folk i arbeid. Om vi i det minste kunne servert alkohol, ville risikoen blitt mindre, påpeiker han.
Fleire opnar
Trass i skjenkeforbodet har ein rekke restauranter og utestader i Ålesund opna opp igjen denne veka. Mellom anna har Egon i Løvenvoldgata halde ope heile tida og fredag opnar XL Diner.
Også Dampsentralen i det nye Pir-bygget og Molo Brew har opna denne veka, ifølgje Sunnmørsposten.
Sjøbua Restaurant, som også har hatt utfordringar som nyetablert i bransjen, held stengt inntil vidare.
Publisert: 06.01.2022 05:55
Sist oppdatert: 06.01.2022 00:29