(NPK-NTB): Etter ni månader har drifta gått med nesten 1,4 milliardar kroner i overskot. Det er meir enn meierigiganten tente i heile fjor, og då fekk kvar bonde i snitt 65.000 kroner i bonus. Leiinga vil likevel ikkje forskotere utbetalinga i år, men dei ser ikkje vekk frå ny rekord, skriv Nationen.
– Det er ikkje behandla, men det ligg godt an. Vi har tre månader igjen, men slik det ligg an, forventar vi eit betre resultat enn i fjor, seier økonomidirektør Jørn Spakrud.
I fjor betalte Tine ut 623 millionar kroner eller 43 øre per liter mjølk. Eit solid hopp frå 26 øre literen i dei førre åra. Kor mykje ekstra bøndene får for 2015-mjølka blir først avgjort når resultatet er klart i februar. Mens talet på bønder krympar, stig bonusen per bonde, og avisa meiner han kan overstige 100.000 kroner.
Styreleiar Trond Reierstad i Tine er godt nøgd så langt, men vil ikkje vere med på talleiken.
– Først må vi lande årsresultatet, så kan vi ta den diskusjonen. Vi jobbar for eit best mogleg resultat også i fjerde kvartal. Dersom vi lykkast, vil det vise att i etterbetalinga til bøndene.

Publisert: 30.10.2015 08:20
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50