Kort fortalt

MMC First Process reknar med tap

Russaroppdrag går truleg i vasken.

Marius Rosbach
31.07.2023

I årsrapporten til MMC First Process går det fram at det framleis er lite håp om at fleire prosjekt ved eit russisk verft blir gjennomført.

Selskapet sette av 20 millionar i eit estimert tap allereie i 2021-rekneskapen, og situasjonen sidan då har ikkje vorte betre.

Ved utgangen av 2022 var det vurdert «som en stor sannsynlighet» at prosjekta ikkje blir fullført, eller at dei blir ytterlegare forseinka, heiter det i årsmeldinga frå i fjor.

Til saman har MMC First Process ubetalte kundefordringar på 43 millionar kroner til det russiske verftet. Ein vesentleg del er varelager som ikkje er levert – og som difor kan nyttast til andre oppdrag. Oppdraga blei starta opp i 2018.

Årsmeldinga for 2022, viser også at eigarane i MMC First Process tok utbytte på drygt 23 millionar etter fjorårsresultatet.

Publisert: 31.07.2023 09:58

Sist oppdatert: 31.07.2023 09:58

Mer om