Kort fortalt

Mogleg rasjonering av straum i vinter

Likevel held eksporten fram.

06.07.2022

(NPK-NTB): Trass i åtvaringar frå Statnett held kraftprodusentane fram med å eksportere mykje straum. Det aukar faren for at magasina ikkje blir fylte opp til vinteren.

24. mai sende Statnett ei melding til kraftprodusentane og bad om måtehald i krafteksporten. Peer Østli, konserndirektør for systemdrift i Statnett, seier dei førebels ikkje har sett teikn til nedgang i eksporten.

– Vi kan ikkje heilt sikkert seie at produsentane ikkje har teke høgde for det, men det er mykje eksport sjølv etter at vi gjekk ut med denne meldinga, seier Østli til VG.

Vassmagasina er no på eit lågt nivå, og fleire land i Europa fyller opp energilagera sine til vinteren.

I meldinga til kraftprodusentane 24. mai oppjusterte Statnett farenivået for straumsituasjonen til gult nivå. Det inneber at det er mellom 5 og 20 prosent sjanse for ein situasjon der Noreg må rasjonere straumen.

– Det er slett ikkje meir sannsynleg enn usannsynleg, men det er ein veldig alvorleg situasjon å komme i, seier Østli.

Viss det blir knappleik på energi i Europa til vinteren, er det ikkje sikkert at Noreg kan importere straum. Østli seier at kraftprodusentane ikkje kan føresetje at Europa skal komme Noreg til unnsetning.

– Norske produsentar har eit samfunnsansvar for å forsikre at dei kan levere straum til norske brukarar. Dei er ansvarlege for at dei har vatn til vinteren.

Pressetalsperson Lars Magnus Günther i Statkraft seier at dei tek situasjonen på alvor.

– Vi tek risikoen inn over oss og tek aukande omsyn til det i produksjonsplanlegginga vår, seier Günther.

(©NPK)

Publisert: 06.07.2022 12:00

Sist oppdatert: 06.07.2022 12:01

Mer om