Kort fortalt

Moods skal lage barneklede

Moods of Norway er i gang med å teikne barneklede. Kolleksjonen vert lansert så fort som mogleg.

Ivar Myklebust Longvastøl
24.01.2014
Nyheita vart presentert på Vestlandskonferansen i Bergen torsdag.
To av gründerane og eigarane, Jan Egil Flo og Simen Staalnacke, fortalde historia om vegen frå "nachspiel til internasjonal merkevare".
Flo seier til avisa BA at tanken bak Moods of Norway er å ta ei stemning, legge til noko norsk og kople det til eit produkt.
- Vi kan lage kva som helst. Vi kan lage Moods of Norway Laks. Når vi valde klede, er det fordi det er i den marknaden det er lettast å skape eit merkevarenamn raskt, seier Flo til avisa. Les meir

Publisert: 24.01.2014 10:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22