NPK-NTB: Om to veker kjem tala for sjømateksporten i 2017. Går eksporten av fisk i desember som i resten av året, vil det bli ny eksportrekord.
Då vil verdien av fiskeeksporten åleine ende på litt over 94 milliardar kroner i år, skriv .
NRK melde også tidlegare fredag at fiskeeksporten låg an til å lande på rundt 100 milliardar kroner – altså klart ny rekord.
Noregs sjømatråd skal presentere sine offisielle tal måndag 8. januar. Ved inngangen til desember sa Sjømatrådet at dei forventar at total eksportverdi for norsk sjømat i 2017 vil passere 2016 med god margin.
I fjor enda sjømateksporten på 91,6 milliardar kroner. Sjølv om rekorden er rett rundt hjørnet, åtvara Sjømatrådet om at desembermånad kunne bli svakare enn same periode i fjor. Prisane i år er ikkje like høge som på same tidspunkt i fjor.
– Vi ventar ein svakare desembermånad enn i fjor, blant anna på grunn av framleis høg laksepris ut mot forbrukar. Dette gjeld spesielt røykjelaksmarknaden, der viktige marknader som Tyskland og Frankrike spør etter mindre volum enn i fjor, sa analytikar i Noregs sjømatråd, Paul T. Aandahl ved inngangen til desember.

Publisert: 29.12.2017 13:46
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40