Kort fortalt

Mowis oppkjøp er godkjent

Tek over Nord-Noregs største oppdrettsselskap.

22.10.2025

(NPK-NTB): Noregs største lakseoppdrettar Mowis oppkjøp av Nova Sea er godkjent både av EU og av norske konkurransestyresmakter.

I januar vart det kjent at Mowi kjøper seg opp frå 49 til 95 prosents eigardel i Nord-Noregs største oppdrettsselskap, Nova Sea. Aksjane er kjøpte for 7,4 milliardar kroner.

Tysdag opplyste Mowi at oppkjøpet til selskapet er godkjent av norske konkurransestyresmakter og at avtalen er godkjend av EU-kommisjonen.

– Det betyr at alle formelle godkjenningar er på plass og transaksjonen kan gjennomførast. Mowi vil no gå vidare med frivillig tilbod til andre aksjonærar, skriv Mowi i ei pressemelding.

Med Nova Sea vil Mowi ha eit venta slaktevolum på 597.000 tonn i 2025.

Konsernsjef i Mowi, Ivan Vindheim, seier dei kjem til å satsa endå meir på Nord-Noreg framover.

– Me skal skapa fleire arbeidsplassar og stadig meir aktivitet langs kysten, seier Vindheim.

(©NPK)

Publisert: 22.10.2025 09:45

Sist oppdatert: 22.10.2025 09:45

Mer om