Kort fortalt

Mykje feil på tungbilar

Feil og manglar på over halvparten av kontrollerte tungbilar

10.01.2022

Statens vegvesen kontrollerte nærare 80.000 tungbilar i 2021. På 43.168 av dei vart det avdekt feil og manglar.

Vegvesenet understrekar at dette ikkje betyr at det er feil og manglar på halvparten av tungtransporten på norske vegar.

– Dei aller fleste tungbilane som køyrer på norske vegar, har alt i orden. At det er feil og manglar på så mange av dei som blir plukka ut for kontroll, viser at vi plukkar ut dei rette køyretøya og førarane, seier leiaren for utekontrollen i Statens vegvesen, Kjetil Wigdel.

23.096 av bilane som vart kontrollerte, fekk ikkje køyre vidare før dei hadde retta opp feila eller manglane. Over 12.500 av desse hadde overlast eller manglande lastesikring.

– Dei som får køyreforbod fordi bilen eller tilhengjaren veg for mykje, må laste om før dei får køyre vidare. I fjor gav vi òg 3.677 gebyr for overlast, seier Wigdel.

1.729 førarar og transportbedrifter vart melde etter kontrollar langs vegen i 2021. Over halvparten av desse kom som følgje av grove brot på køyre- og kviletidsreglane.

– Dei som juksar med køyre- og kviletida, får eit ulovleg konkurransefortrinn framfor dei som følgjer regelverket, og dei utgjer ein fare i trafikken. Ingen vil møte ein uopplagd tungtransportsjåfør langs vegen, seier Wigdel.

Rundt 470.000 tunge køyretøy var innom kontrollane til Vegvesenet i fjor.

Publisert: 10.01.2022 11:51

Sist oppdatert: 10.01.2022 11:52

Mer om