(NPK): Lakseluskrisa på Nordmøre har no ført til at Mattilsynet har pålagt 17 oppdrettsanlegg å tømme merdane for fisk. Tre anlegg har frivillig slakta ut.
Berre 7 av i alt 27 anlegg i området får framleis får ha fisk i sjøen.
Lerøy fekk førre veke beskjed om at dei må halvere produksjonen ved fire anlegg i Halsa og Aure neste år for å halde smittepresset nede.
– Etter vår vurdering er det for mykje fisk i desse lokalitetane til å handtere lakselusa på ein forsvarleg måte, seier veterinær Aud Skrudland i Mattilsynet til Fiskeribladet Fiskaren.
Mattilsynet karakteriserte tidlegare i november lakselussituasjonen på Nordmøre som ute av kontroll. Ved enkelte anlegg er det påvist opptil tjue gonger større lusetettleik enn det som er tillate. (©NPK)

Publisert: 16.11.2015 12:42
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50