Kort fortalt

Mykje loddeyngel i Barentshavet

Det ser ut til å vere mykje loddeyngel i Barentshavet i år, men lite sildeyngel.

05.10.2015
(NPK): Det fortel Havforskingsinstituttet.
Havforskarane har under det norsk-russiske økosystemtoktet i Barentshavet, som no er i sluttfasen, observert særleg mykje loddeyngel nord i den sentrale delen av havområdet.
– Null-gruppeindeksen i år tyder på at vi har ein god årsklasse i år. Mengdindeksen ligg over langtidsgjennomsnittet, fortel havforskar Elena Eriksen i Havforskingsinstituttet.
Yngelen i år var òg litt større enn vanleg lengd, noko som gir han større sjanse til å overleve vinteren.
For sild var observasjonane ikkje så gode. Det var lite sildeyngel, og lengda var mindre enn langtidsgjennomsnittet.
Forskarane fann likevel ein god del toåringar frå den sterke 2013-yngelklassen, som det vart observert lite av i fjor. (©NPK)

Publisert: 05.10.2015 18:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50