Kort fortalt

Mykje straumeksport til England

England-kabel: Eksport langt større enn import av straum

25.04.2022

Den omstridde kabelen til England sender ut 70 gonger meir straum enn han tek inn, melder E24.

Sidan han vart sett i prøvedrift 1. oktober i fjor, har han netto sendt til saman 3,5 terawattimar (TWh) med vasskraft ut av landet, skriv avisa.

Vasstanden i magasina i Sør-Noreg er svært låge og også på Vestlandet. Men samtidig eksporterer den nye kabelen til England straum i 194 av 200 dagar i drift.

I desse dagane, fram til 19. april, har eksporten altså vore 70 gonger større enn importen.

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) seier han vurderer å gjennomføre fleire tiltak rundt eksporten av kraft.

Publisert: 25.04.2022 08:24

Sist oppdatert: 25.04.2022 08:25

Mer om