Kort fortalt

Må verte billegare i drift

NHO vil stramme inn særordningane for seniorar.

14.06.2016
(NPK-NTB): NHO-sjef Kristin Skogen Lund meiner arbeidstakarar over 60 må bli billigare i drift for å vere like attraktive som yngre kollegaer.
Lund støttar dermed Civita-økonomen Steinar Juel, som i førre veke tok eit oppgjer med seniorpolitikken i eit debattinnlegg i Dagens Næringsliv. Juel hevda spesialordningane for dei over 60 år er forelda og ei sløsing med ressursar.
– Seniorar må bidra på linje med dei andre tilsette. Særrettane som rett til redusert stilling og ekstra ferieveke, bidrar ikkje til det. Eg er veldig einig med Steinar Juel i at personar som skal jobbe i ti år til, ikkje automatisk bør få særrettar utan at dei er behovsprøvde, dersom ein i det heile tatt skal ha det, seier Lund til .
– Vi levere lenger og er friskare, så det er ingen grunn til at dei over 60 skal ha meir ferie eller andre fordelar, fortset ho.
Lund meiner den nedre terskelen for særrettar burde blitt heva då aldersgrensa for frivillig pensjon vart heva til 72 år i fjor. (©NPK)

Publisert: 14.06.2016 09:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45